Dataspelet Celeste
dataspel frå 2018 From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Celeste er eit plattformspel utvikla og utgjeve av dei canadiske spelutviklarane Maddy Thorson og Noel Berry. Spelet var opphavleg utvikla som ein prototype i løpet av fire dagar under ein game jam, og blei seinare utvida til ei komplett utgjeving. Celeste blei utgjeve i januar 2018 til Microsoft Windows, Nintendo Switch, PlayStation 4, Xbox One, macOS, og Linux.
I Celeste kontrollerer spelaren ei jente ved namnet Madeline, som er i ferd med å klatre opp eit fjell samtidig som ho må unngå ei rekkje dødelege hindringar. I tillegg til å kunne hoppe og klatre opp vegger, kan Madeline gjere ein rykk medan ho er i lufta, som gjev ho større rekkjevidde. Denne rørsla kan berre gjerast ein gong og blir lada opp når Madeline landar på jorda eller råkar visse objekt.[1]
Remove ads
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads