David's Album
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
David's Album er eit studioalbum av Joan Baez frå 1969, spelt inn i Nashville. Det var det 11. albumet Baez hadde gjeve ut til då. Albumet nådde 36. plassen på Billboard Pop Albums-lista.
Remove ads
Historie
Den dåverande ektemannen til Baez, David Harris, som var ein countryfan, var i ferd med å bli fengsla for å ha nekta militærteneste, og ho spelte inn albumet som ei gåve til han. Songane vart spelte inn under den same innspelinga som det førre albumet til Baez, som bestod av Bob Dylan-songar, Any Day Now.[1]
Plateomslaget er ei teikning Baez teikna av David Harris.
Vanguard gav ut albumet på ny i seinare år med to bonusspor, «How Can I Miss You», ein duett med syster til Baez, Mimi Fariña, og Tom Paxton sin «The Last Thing on My Mind.»
Remove ads
Mottaking
I meldinga si for Allmusic, skreiv Bruce Eder om albumet at «synginga og spelinga held framleis mål. Baez sette til side skarpheita ho stundom hadde her til fordel for ei avslappa framføring der ho er på sitt mest vinnande i karrieren sin. David's Album har overgått opphavet sitt, dels på grunn av det varierte materialet. David Harris er for lengst ute av fengsel, og han og Baez gjekk frå kvarandre, men dette er framleis eit glimrande album.»[1]
Remove ads
Innhald
Medverkande
- Joan Baez – vokal, gitar
- Fred Carter jr. – mandolin
- Pete Drake – pedalsteelgitar
- Johnny Gimble – fele
- Roy Huskey jr. – bass
- Tommy Jackson – fele
- Jerry Kennedy – gitar
- Jerry Reed – gitar
- Harold Bradley – gitar, dobro
- Hargus «Pig» Robbins – piano
- Harold Rugg – gitar, dobro
- Grady Martin – gitar
- Buddy Spicher – fele
- Norbert Putnam – bass
- Kenny Buttrey – trommer
Salslister
Salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads