David Herd
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
David George Herd (15. april 1934–1. oktober 2016) var ein skotsk fotballspelar, mest kjend frå si tid som midtspiss på Manchester United på 1960-talet.
Herd slo seg inn i fyrsteellevaren til Arsenal FC i 1956/57-sesongen og var fast på laget dei neste fire åra. Sommaren 1961 vart han overført til Manchester United og var ein viktig angrepsspelar som var med å vinne FA-cupen i 1963. I finalen mot Leicester City FC skåra Herd to av måla då Manchester United vann 3–1. Han vart ligameister i 1965 og på ny i 1967. Etter eit beinbrot i mars 1967 fekk han lite speletid. I juli 1968 gjekk han til Stoke City, der han spelte i to år.
Herd spelte fem landskampar for Skottland i tida 1958-61 og skåra tre mål.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «David Herd (footballer)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. februar 2017.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads