Hamilton i Skottland
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hamilton (skotsk-gælisk: Hamaltan) er ein by i regionen South Lanarkshire i Skottland. Han har kring 48 500 innbyggjarar og ligg der innsjøen Awon Water renn ut i elva Clyde. Byen er eit historisk sentrum der hertugen av Hamilton hadde setet sitt.
Ruinane av den gamle borga Cadzow Castle ligg her.
Venskapsbyen til Hamilton er Châtellerault i Frankrike. Dei historiske banda mellom byane går tilbake til 1500-talet, då tittelen «Duc de Châtellerault» vart gjeven til James Hamilton. Den 7. februar 2005 fekk Hamilton status som rettferdig handel-by.
Fotballaget Hamilton Academical FC held til i byen og spelar heimekampane sine på New Douglas Park.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Hamilton i Skottland» frå Wikipedia på bokmål, den 3. november 2011.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads