Hugh David Politzer

amerikansk fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Hugh David Politzer (fødd 31. august 1949) er ein amerikansk fysikar og nobelprisvinnar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 2004 saman med landsmennene David Gross og Frank Wilczek for bidraget til å forstå den sterke kjernekrafta som knyter protona og nøytrona saman til atomkjerner. Arbeidet som han fekk Nobelprisen for vart publisert i Physical Review Letters i 1973 som den første publiserte artikkelen hans.

Kjappe fakta

Politzer vart fødd i New York i ein familie av slovakisk opphav. Han vart uteksaminert ved Bronx High School of Science i 1966 og fekk ein Bachelor frå University of Michigan i 1969 og ein filosofisk doktorgrad frå Harvard University under rettleiing av Sidney Coleman.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads