David Villa
spansk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
David Villa Sánchez (fødd 3. desember 1981 i Tuilla i Asturias) er ein spansk fotballspelar, som i 2014 spela for Melbourne City i den australske fotballigaen, på lån frå New York City i den nordamerikanske fotballigaen Major League Soccer. Han gjekk til Barcelona frå Valencia sommaren 2010 og vart seriemeister i Spania for Barcelona i 2011 og 2013. I 2011 var han med på vinna den europeiske Meisterligaen og VM for klubblag med Barcelona. I 2014 vart han seriemeister i Spania med Atlético Madrid. Villa vart kåra til årets spanske fotballspelar i 2006 og vart toppskårar i den spanske toppdivisjonen i 2006, 2007, 2009 og 2010, alt medan han spelte for Valencia.
Han debuterte for Spania sitt A-landslag 9. februar 2005 i ein VM-kvalifiseringskamp heime mot San Marino. Under fotball-VM i 2006 spelte han fleire kampar og skåra tre mål. Han spelte fire kampar og vart toppskårar med fire mål under fotball-EM i 2008, då Spania vart verdsmeistrar. I 2010 spelte han alle sju kampane og vart delt toppskårar med fem mål då Spania vart verdsmeistrar.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads