2014
år From Wikipedia, the free encyclopedia
2014 (romartal MMXIV) var eit normalår som byrja på ein onsdag i den gregorianske kalenderen.
2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
2014 blei utnemnd av SN til internasjonalt år for:[1]
Hendingar
Utlandet

- 1. januar: Latvia innførte euro som offisiell valuta.
- 7.–23. februar: Vinter-OL 2014 blei halde i Sotsji i Russland.
- 22. februar: Det ukrainske parlamentet stemde for å avsetja president Viktor Janukovytsj etter fleire dagars folkeleg uro som førte til at eit hundretals menneske døydde. Oleksandr Turtsjynov blei vald til overgangspresident.[2]
- 28. februar: Krimkrisa. Russiske styrkar tok kontroll over Krim-halvøya i Ukraina.
- 1. mars: 33 personar blei drepne og 143 skadde i den kinesiske byen Kunming då ei gruppe på åtte personer angreip folk på jernbanestasjonen med knivar.
- 8. mars: Passasjerflyet Malaysia Airlines Flight 370 forsvann under si flyging frå Kuala Lumpur i Malaysia til Beijing i Kina.
- 11. mars: Krimkrisa. Regionalforsamlinga på Krim erklærte sjølvstende frå Ukraina, allereie før den tillyste folkeavstemminga 16. mars.
- 18. mars: Væpna personar frå Taliban angreip Kabul Serena Hotell og drap ni sivile.
- 21. mars: Krimkrisa. Føderasjonsrådet i Russland godkjende traktaten som formelt gjode Krim og Sevastopol til to nye, administrative distrikt i den russiske føderasjonen. President Vladimir Putin skreiv seinare under på loven. Annekteringa av Krim førte i dagane som følgde til at Russland blei midlertidig suspendert frå G8[3] og fråteke stemmerett og observasjonsrettar i Europarådet.[4] Folkeavstemminga og annekteringa blei avvist av Generalforsamlinga i SN i Resolusjon 68/262.[5]
- 23. mars: Den islamistiske gruppa Boko Haram utførte eit bombeåtak i byen Bama i Nigeria.
- 23. mars: Tyrkiske fly skaut ned eit syrisk kampfly som skulle ha krenka tyrkisk luftrom under eit angrep mot grensebyen Kassab i den syriske regionen Latakia.

- 25. mars: Verdas helseorganisasjon (WHO) melde at helsedepartementet i Guinea hadde rapportert utbrot av ebola i fire distrikt, med moglege tilfelle i nabolanda Liberia og Sierra Leone. Dette skulle visa seg å bli ein døydeleg epidemi i ei rekkje land i Vest-Afrika.[6]
- 1. april: Manuel Valls blei statsminister i Frankrike etter Jean-Marc Ayrault.

- 5. april: Det blei halde presidentval i Afghanistan og Ashraf Ghani blei vald til president etter Hamid Karzai. Dette var den første maktoverføringa i afghansk historie som gjekk føre seg på demokratisk vis.
- 6. april: Parlamentsval i Ungarn. Fidesz fekk flest stemmer og Viktor Orbán blei sitjande ved makta.
- 8. april: Minst tolv personar blei drepne og 40 skadde i eit bombeangrep mot eit tog i den sørvestre provinsen Balutsjistan i Pakistan.
- 14. april: Minst 75 personar blei drept i ein eksplosjon forårsaka av ei bilbombe på ein bussterminal i den nigerianske hovudstaden Abuja.[7]
- 15. april: Ei gruppe tungt væpna islamister kidnappa over 100 jenter frå ein vidaregåande skule og sette fyr på flere bygningar i byen Chibok nordaust i Nigeria.[8]
- 16. april: Ferja «Sewol» kantra utanfor øya Jindo i Sør-Korea. Over 300 personar døydde, mellom anna fleire skulebarn. Den sørkoreanske statsministeren Chung Hong-won sa seinare frå seg embetet som følgje av ferjeulukka.[9]
- 29. april: Ringforma solformørking.
- 30. april. Presidentvalet i Irak blei gjennomført med stor uro rundt seg. Om lag 60 menneske døydde ved fleire terroriståtak på vallokale rundt om i landet.[10]
- 2. mai: Rundt 2 100 menneske blei drepne i eit jordskred nord i Afghanistan.[11]
- 5. mai: Verdshelseorganisasjonen (WHO) omtalte utbreiinga av polio i minst 10 land som eit kritisk internasjonalt helseproblem.[12]
- 5. mai: Militante frå Boko Haram drap rundt 300 på ei natt under åtak i grensebyen Gamboru Ngala.[13]
- 13. mai: Ein eksplosjon i ei kolgruve ved Soma i Tyrkia drap rundt 230 og stengde inne over 100 gruvearbeidarar.[14].
- 20. mai: Eit bombeåtak i Jos i Nigeria drap 118 menneske.
- 22. mai: Hæren i Thailand, leia av general Prayuth Chan-ocha, tok makta ved eit militærkupp.[15][16]
- 26. mai: Narendra Modi blei ny statsminister i India etter at Bharatiya Janata-partiet vann valet til nasjonalforsamlinga.
- 3. juni: Borgarkrigen i Syria. Presidentvalet i Syria ende med gjenval av Bashar al-Assad.
- 9. juni: Tehrik-i-Taliban Pakistan angreip flyplassen i Karachi og tok kontroll over han. Flyplassen blei gjenerobra av pakistanske styrkar etter fleire timars kamp der minst 28 menneske mista livet.
- 10. juni: Den militante islamistorganisasjonen Den islamske staten Irak og Levanten (ISIL) erobra Mosul i Irak.
- 12. juni: Tre israelske tenåringar forsvann mens dei haika frå Betlehem til Hebron på den israelskokkuperte Vestbreidda. Dei blei seinare funne drepne. Ein tenårig palestinar blei seinare bortført og drepen av ukjende, truleg som hemn for åtaket.
- 12. juni: VM i fotball 2014 opna i Rio de Janeiro i Brasil.[17]
- 15. juni: President Juan Manuel Santos blei gjenvald i 2. valgomgang i Colombia.
- 16. juni: Væpna personar frå al-Shabab angreip den kenyanske byen Mpeketoni, sette fyr på fleire hotell, ein bensinstasjon og politipostar. Minst 48 blei drepne.
- Juni: Val til Europaparlamentet i EU.
- 19. juni: Kong Juan Carlos I av Spania abdiserte. Sonen hans blei ny konge som Felipe VI.
- 8. juli-26. august: Israel byrja Operation Protective Edge på Gazastripa. Etter fleire luftåtak gjekk israelske styrkar inn i området. I løpet av 7 veker blei 2 100 palestinarar og 71 israelarar drepne.
- 17. juli: Passasjerflyet Malaysia Airlines Flight 17 blei skote ned over Ukraina. Alle dei 298 som var ombord omkom.
- 24. juli: Air Algérie Flight 5017 krasja i Mali. Alle dei 116 som var ombord omkom.[18]
- 8. august: USA byrja luftåtak mot ISIL-mål i nordlege Irak.
- 2. september: Boko Haram tok kontroll over Bama i Nigeria.[19]
- 14. september: Riksdagsval, landstingsval og kommunval i Sverige. Dei raudgrøne blei valvinnarar medan Sverigedemokraterna blei tredje største parti.

- 18. september: Folkerøysting i Skottland om landet skulle bli sjølvstendig frå Storbritannia eller ikkje. 55,3 % sa nei til sjølvstende.
- 22. september: USA og fleire arabiske allierte byrja ein serie luftåtak mot ISIL i Syria.[20][21]
- 1. oktober: Jens Stoltenberg blei generalsekretær for NATO etter Anders Fogh Rasmussen.
- 3. oktober: Stefan Löfven blei statsminister i Sverige etter Fredrik Reinfeldt.
- 3. oktober: Presidenten i Burkina Faso gjennom 27 år, Blaise Compaoré, gjekk av etter store protestar mot forsøk på å avskaffa avgrensinga av presidentperiodar i landet. Offiseren Yacouba Isaac Zida tok over makta.[22]
- 20. oktober: Joko Widodo blei innsatt som ny president i Indonesia.
- 23. oktober: Delvis solformørking.
- 26. oktober: Dilma Rousseff blei gjenvald som president i Brasil.
- 2. november: SN sitt klimapanel gav ut sluttdelen av sin femte hovudrapport der det åtvara om alvorleg, gjennomtrengjande og ureversibel skade frå globale utslepp av karbondioksid.[23]
- 12. november: Philae frå romsonden Rosetta landa på Komet 67P. Dette var første gongen i historia at eit romfartøy hadde landa på ein komet.[24]
- 14. november: Michel Kafando blei teken i eid som overgangspresident i Burkina Faso.
- 28. november: 120 menneske døydde i eit bombeåtak på Den store moskeen i Kano i Nigeria utført av Boko Haram.[25]
- 16. desember: Minst 141 menneske, 132 av dei barn, blei drepne då ei væpna gruppe frå Tehrik-i-Taliban Pakistan storma skulen deira i Peshawar i Pakistan og utførte ein massakre.[26]
- 17. desember: Leiarane av USA og Cuba gjekk inn for å gjeninnføra normale diplomatiske band og å verka for å avslutta den amerikanske embargoen av Cuba som byrja i januar 1961.[27]
- 28. desember: AirAsia Flight QZ8501 på veg frå Surabaja i Indonesia til Singapore forsvann i eit uvêr. To dagar seinare blei det funne lik og vrakrestar i Javasjøen.[28]
Noreg
- Heile året: Grunnlovsjubileet
- 18.–19. januar: Ein stor brann på Lærdalsøyri øydela 40 bygningar.
- 27.–28. januar: Ein stor brann i Flatanger over 15 km² øydela 64 bygningar, mellom anna i Hasvåg og Småværet.
- 8. april: EU-domstolen erklærte Datalagringsdirektivet som ugyldig.
- 8. april: Kyrkjemøtet sa nei til eigen vigselsliturgi for homofile par i Den norske kyrkja.
- 17. mai: 200 år sidan ein underskreiv den norske grunnlova.
- 14. juni: Jonas Gahr Støre blei vald til ny partileiar i Arbeidarpartiet.
- 16. juni: Stortinget vedtok å fjerna foreldingsfristen på 25 år for drap.
Fødde

- Sjå òg Fødde i 2014.
- 20. februar: Leonore av Sverige, dotter av prinsesse Madeleine.
- 10. desember: Prinsesse Gabriella og arveprins Jacques av Monaco, barn av fyrst Albert II av Monaco
Døde
- Sjå òg Døde i 2014.

- 3. januar: Phil Everly, amerikansk songar frå The Everly Brothers
- 5. januar: Eusébio, mosambikisk/portugisisk fotballegende
- 7. januar: Run Run Shaw, filmskapar frå Hong Kong
- 10. januar: Zbigniew Messner, polsk statsminiser
- 11. januar: Ariel Sharon, israelsk statsminister
- 27. januar: Pete Seeger, USA-amerikansk musikar
- 10. februar: Shirley Temple, USA-amerikansk skodespelar
- 11. februar: Alice Babs, svensk songar og skodespelar
- 12. mars: Kjell Nupen, norsk målar
- 12. mars: Věra Chytilová, tsjekkisk filmskapar
- 28. mai: Maya Angelou, USA-amerikansk forfattar
- 17. april: Gabriel García Márquez, colombiansk forfattar og nobelprisvinnar
- 25. mai: Wojciech Jaruzelski, polsk statsminister og president
- 7. juli: Eduard Sjevardnadze, georgisk president
- 13. juli: Nadine Gordimer, sørafrikansk forfattar og nobelprisvinnar
- 1. august: Jan Roar Leikvoll, norsk forfattar
- 11. august: Robin Williams, USA-amerikansk skodespelar
- 12. august: Lauren Bacall, USA-amerikansk skodespelar
- 12. september: Ian Paisley, nordirsk politikar
- 4. oktober: Jean-Claude Duvalier, haitisk president
- 7. oktober: Siegfried Lenz, tysk forfattar
- 25. oktober: Jack Bruce, skotsk musikar frå gruppa Cream
- 27. november: P.D. James, engelsk krimforfattar
- 8. desember: Knut Nystedt, norsk komponist
- 22. desember: Joe Cocker, engelsk musikar
- 29. desember: Odd Iversen, norsk fotballspelar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.