Dawson-øya

From Wikipedia, the free encyclopedia

Dawson-øyamap
Remove ads

Dawson-øya (spansk Isla Dawson) er ei chilensk øy og ei av dei nordlegaste øyane i Eldlandet. Dawson-øya ligg i Magellansundet, sørvest for Brunswick-halvøya og nord for Storøya i Eldlandet.

Kjappe fakta Isla Dawson, Geografi ...

Det finst tre mindre busetnader på øya: Puerto Harris, Puerto San Antonio og Puerto Almeida. I 1992 hadde øya til saman eit folketal på 415; dette hadde sokke til 301 i 2002.

Seint på 1800-talet vart Dawson-øya brukt som konsentrasjonsleir for dei innfødde eldlendarane. Italienske misjonærar fekk løyve til å busetja seg på øya med indianarane frå 1890. Eitt av misjonærhusa står framleis og gjeld i dag som chilensk nasjonalmonument. I 1970-åra, nærmare vår tid, vart politiske fangar plassert på øya, ofte mistenkt for å vera kommunistiske aktivistar. Den chilenske filmregissøren Miguel Littin har laga film om denne historia. Den kom ut i 2009 med tittelen Dawson, Isla 10.

Remove ads

Kjelde

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads