De diepte

song frå 2022 med S10 From Wikipedia, the free encyclopedia

De diepte
Remove ads

«De diepte» (norsk omsetjing 'djupna') er ein song frå 2022 av den nederlandske songaren og rapparen Stien den Hollander, kjend som S10. Ho skreiv låten saman med Arno Krabman. Songen vart gjeven ut 3. mars 2022 og var det nederlandske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Om songen

«De diepte» handlar om dei mest personlege minna til den Hollander. Ifølgje den Hollander er songen ei hylling til tristheita og minna ein ber med seg: «Alle opplever vanskar i livet. Det er noko vi alle har til felles, og eg håpar du vil føle deg mindre åleine når du lyttar til songen».[1]

Songen vart skriven av den Hollander samman med musikkprodusenten Arno Krabman.[2] Han vart plukka ut av kringkastaren AVROTROS til å representere Nederland i Eurovision Song Contest 2022 i Torino. Dette var fyrste gongen Nederland sende eit Eurovision-bidrag på nederlandsk sidan 2010.[1]

Songen vart gjeven ut 3. mars 2022 og presentert under ein pressekonferanse i Tuschinski Theatre i Amsterdam same dag.[3][4] Songen konkurrerte i den fyrste semifinalen tysdag 10. mai. Songen vart nummer to i semifinalen, og kvalifiserte seg til finalen laurdag 14. mai.[5] Der enda «De diepte» på ein ellevteplass.[6]

Remove ads

Listeplasseringar

Meir informasjon Liste (2022), Høgaste plassering ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads