Dead Man av Neil Young

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Dead Man er filmmusikken til westernfilmen Dead Man av Jim Jarmusch med Gary Farmer og Johnny Depp som William Blake. Neil Young improviserte fram musikken (hovudsakleg på elektrisk gitar, og noko akustisk gitar, piano og orgel) samstundes med at han kikka på filmen i eit platestudio. Albumet består av sju instrumentale spor av Young, med utdrag frå dialog frå filmen og Johnny Depp som les dikta til William Blake mellom musikken. Versjonen av hovudtemaet som vert nytta i byrjinga og slutten av filmen er ikkje med,[3] men vart gjeven ut som singel.[4]

Meir informasjon Neil Young-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Utgjeving

Albumet kom ut i 1996. I tillegg til den vanlege CD-utgåva kom det ei spesialutgåve med eit spesiallaga omslag. Omslaget såg ut som eit fotoalbum frå 1800-talet, der ryggen var kledd i tøy og sjølve omslaget var i svart, laminert papp.

Innhald

Spora på albumet har ikkje offisielle namn, så innhaldslista under er uoffisiell.

All musikk komponert av Neil Young

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads