Dearborn i Michigan

by i Michigan i USA From Wikipedia, the free encyclopedia

Dearborn i Michigan
Remove ads

Dearborn er ein by i Wayne County i den amerikanske delstaten Michigan. Dearborn er ein forstad til Detroit, og grensar til Detroit i sør og vest, omtrent 11 km vest for Detroit sentrum. Ved folketeljinga i 2020 hadde Dearborn eit folketal på 109 976, og han var rangert som den sjuande mest folkerike byen i Michigan. Dearborn er best kjend som heimstaden til Ford Motor Company og grunnleggjaren av dette føretaket, Henry Ford.

Kjappe fakta Land, Stat ...

Den fyrste skriftleg dokumenterte busetjinga i Dearborn er frå det 1700-talet av fransk-kanadiske voyageurs, som opphavleg kalla henne La Belle Fontaine eller Place aux Fontaines på grunn av dei rike vasskjeldene her. Staden blei difor også kalla Springwells, ei anglisering av det franske namnet.[2] Busetnaden blei knytt til nybyggjargardane langs Detroitelva og andre gardar som var knytte til Rouge-elva og Sauk-stien. Samfunnet vaks på 1800-talet etter etableringa av Detroit Arsenal ved Chicago Road mellom Detroit og Chicago. På 1900-talet utvikla byen seg som eit viktig fabrikknutepunkt for bilindustrien.

Henry Ford var fødd på ein gard som ein gong låg i vegkrysset mellom Ford Road og Greenfield Road. Ford bygde seinare eigedomen sin, Fair Lane, og den største av fabrikkane sine, River Rouge-komplekset, i Dearborn. Han utvikla masseproduksjon av bilar, og la det internasjonale hovudkvarteret til Ford Motor Company her. Byen huser ein campus av University of Michigan, og Henry Ford College. The Henry Ford er det største historiske museumskomplekset i USA, og den største turistattraksjonen i Detroit storbyområde.[3][4]

Dei fleste innbyggjarane i byen er amerikanarar med avstamming frå Europa eller Midtausten, mange av dei etterkomarar av innvandrar frå 1800- og 1900-talet. Folketeljinga identifiserer dei største europeiske folkegruppene som tysk-, polsk-, irsk- og italiensk-amerikanarar. Nye bølgjer av innvandring kom frå Midtausten på slutten av 1900-talet, hovudsakleg muslimar og i langt mindre grad kristne minoritetar frå Libanon, Palestina, Syria, Irak og Jemen. Dearborn har den proporsjonelt største muslimske folkesetnaden i USA og den største moskéen i Nord-Amerika.[5][6] I 2023 blei Dearborn den fyrste byen i USA med ein arabisk majoritet, då 55 % oppgav at dei hadde opphav frå Midtausten eller Nord-Afrika i folketeljinga.[7][8]

Remove ads

Geografi

Ifølge United States Census Bureau har byen eit totalt område på 24,5 kvadratmile (63 km2). Byen vaks fram på begge sider av Rouge River. Henry Ford bygde ein kunstig foss/låg demning på eigedommen sin for å drive eit kraftverk der. Den øvre, midtre og nedre greina av elva renn saman i Dearborn. Elva er utvida og kanalisert nær Rouge Plant for å gje tilgang til fraktefartøy frå dei store sjøane.

Dearborn er ein av nokre få kommunar som har eigedom i andre byar. Han eig den 6 hektar 626-acre (2,53 km2) store Camp Dearborn i Milford i Michigan, som ligg 56 km unna Dearborn.[9] Dearborn var også blant eit endå mindre tal byar som hadde eigedom i ein annan delstat. I ein periode eigde byen leilegheitskompleksen Dearborn Towers i Clearwater i Florida, men dette er blitt selt. Camp Dearborn blir sett på som ein del av byen Dearborn. Inntekta som blir generert av leiren blir innlemma i budsjettet til byen.

Remove ads

Klima

Meir informasjon Vêrdata for Dearborn, Michigan (1991–2020 normals, extremes 1952–present), Jan ...
Remove ads

Økonomi

Thumb
Utsyn mot Dearborn med Ford River Rouge Complex i bakgrunnen, 1973

Hovudkvarteret til Ford Motor Company er i Dearborn.[12] Det finst mange forskings-, test-, finans- og produksjonsanlegg for verksemda i Dearborn. Ford Land kontrollerer dei mange eigedommane som tilhøyrer Ford, mellom anna sal og leasing til andre verksemder, som kjøpesenteret Fairlane Town Center. DFCU Financial, den største kredittkassen i Michigan, blei oppretta for tilsette ved Ford og tilknytte selskap.

Ein av dei største arbeidsgjevarane i Dearborn er Oakwood Healthcare System (no ein del av Beaumont Health). Andre store arbeidsgjevarar er bildelleverandørar som Visteon, utdanningsinstitusjonar som Henry Ford College og museum som The Henry Ford. Andre verksemder med hovudkontor i Dearborn er mellom anna Carhartt (klede), Eppinger (fiskeslukar), AAA Michigan (forsikring) og Society of Manufacturing Engineers.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads