Degania Bet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Degania Bet (hebraisk דְּגַנְיָה ב') er ein kvutza eller kibbutz nord i Israel. Han ligg sør for Genesaretsjøen like nær Degania Alef og høyrer til Emek HaYarden regionale kommune. I 2008 hadde han eit folketal på 514.[1]
Landsbyen vart grunnlagd i 1920 av emigrantar under den andre Aliyah,[2] leia av Levi Brevda (Levi Ben Amitai).[3] Han var den første planlagde kibbutzen og vart utforma og bygd av arkitekten Korenberg.[4] Ein av grunnleggjarane var Levi Eshkol. Under Palestinaopprøra i 1920 vart han angripen og stod folketom i fleire månader.[2]
Under arabararopprøret 1936-39 tente han som base for å opprette tårn og palisade-busetjingar.[treng kjelde] Under slaget i Kinarotdalen under den arabisk-israelske krigen i 1948 klarte innbyggjarane i Degania Alef og Bet å stoppe framrykkinga til den syriske hæren i Jordandalen.[2]
Ein kjend innbyggjar er Michael Kolganov, som tok bronse i roing sommar-OL 2000.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads