Dei egeiske øyane

From Wikipedia, the free encyclopedia

Dei egeiske øyane
Remove ads

Dei egeiske øyane (gresk Νησιά Αιγαίου, Nisiá Aigaíou; tyrkisk Ege Adaları) er ei gruppe øyar i Egearhavet med fastlandet til Hellas i vest og Tyrkia i aust. Kreta utgjer den sørlege grensa. I antikken vart øyane kalla Arkhipelago, som opphavleg var namnet på Egearhavet. Etter kvart, som på engelsk (archipelago), er dette namnet vorte eit synonym for øygruppe.

Kjappe fakta Land ...

Dei greske egeiske øyane er ein av dei tradisjonelle regionane i Hellas. Dei er delt inn i fleire grupper (frå nord til sør):

Nesten alle dei egeiske øyane høyrer til Hellas og er delt mellom ni administrative periferiar. Tyrkia eig øyane Gökçeada (Ímvros), Bozcaada (Ténedos) og åtte småøyar utanfor vestkysten.

Områda rundt nokre av øyane og luftrommet over dei er kjelda til ein pågåande strid mellom Hellas og Tyrkia. «Dei italienske egeiske øyane» (italiensk: Isole Italiane dell-’Egeo) vert stundom nytta om dei egeiske øyane Italia erobra under den tyrkisk-italienske krigen i 1912 og som vart annektert i 1923. Desse øyane, hovudsakleg Dodekanesane, var italienske fram til 1947.

Remove ads

Periferiane og periferieiningane

Periferiane i Dei egeiske øyane og periferieiningane deira er:

Meir informasjon Periferi, Hovudstad ...
Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads