Fager er jordi

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Fager er jordi», betre kjent i Noreg under bokmålnamnet «Deilig er jorden», er ein salme skriven av den danske diktaren B.S. Ingemann som «Dejlig er jorden». I bokmålsutgåva er songen ein av dei mest folkekjære julesongane i Noreg. Salmen er også brukt som gravferdssalme; den danske versjonen vart brukt ved gravferda til diktaren Ingemann, mens den svenske teksten vart brukt ved gravferda til Olof Palme.

Ingemann gav ut songen under tittelen «Pilgrimssang» i «Dansk Kirketidene» den 8. september 1850. Føredømet til songen var «Schönster Herr Jesu», ein tysk folkesalme frå Schlesien som fyrst vart trykt i 1842 i samlinga Schlesische Volkslieder. Dei andre og tredje versa i den schlesiske songen skildrar kor fager verda er, men seier at Jesus er endå fagrare. Ingemann brukte dette omgrepet, men endra det for å visa til kor fager verda hadde vorten på grunn av Jesus sin fødsel. Melodien er lite endra.

Songen vart omsett til nynorsk av Gunnar Torgeirsson Rysstad. Han kom ut i 1900 i Syn og Segn og har sidan vore trykt omatt fleire gongar i ulike nynorske salmebøker og samlingar.

Remove ads

Tekst

Meir informasjon Tysk (folkesalme frå Schlesien), Dansk (B.S. Ingemann (1850)) ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads