Dekwaneh

From Wikipedia, the free encyclopedia

Dekwaneh
Remove ads

Dekwaneh (arabisk دكوانة , Dikwene eller Dekweneh) er ein forstad nord for Beirut i Matn distrikt i Libanonfjella guvernement i Libanon. Folkesetnaden er hovudsakleg maronittiske kristne.[1] Tel al-Zaatar, ein UNRWA-styrt palestinsk flyktningleir som huste 50 000-60 000 flyktningar og som var åstad for Tel al-Zaatar-massakren låg i utkanten av byen.[2]

Kjappe fakta Land, Guvernement ...
Remove ads

Arkeologi

Dekwaneh I ligg kring 700 m nordvest for Mar Roucos-klosteret, i nokre raviner på vestsida av ein r ygg. Her vart det funne flintreiskap frå Acheuléen i tillegg til store mengder avfall frå midtre eldre steinalder som indikerer at det var ein fabrikk på den tida.[3]

Dekwaneh II inneheld òg flintreiskapar frå Qaraoun-kulturen frå yngre steinalder med massive økser, hakker og skraper. Andre reiskapar frå yngre steinalder vart funne på staden.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads