Delbert McClinton
amerikansk musikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Delbert McClinton (fødd 4. november 1940)[2] er ein USA-amerikansk bluesrock- og bluessongar og låtskrivar, gitarist, munnspelspelar og pianist.[1]
Frå første gongen han stod på ein scene som profesjonell musikar i 1957 til turnear seint i 2010-åra har han spelt album for fleire store plateselskap og gjeve ut singlar som har gått inn på den amerikanske Billboard Hot 100-, Mainstream Rock Tracks- og Hot Country Songs-listene. Den største hitten hans var «Tell Me About It», ein duett frå 1992 med Tanya Tucker, som nådde fjerdeplassen på countrylista. Fire av albuma hans har nådd toppen av blueslista i USA og eit anna har nådd andreplassen. Den største pophitten hans var «Giving It Up for Your Love» frå 1980, som nådde åttandeplassen på Hot 100.
McClinton har fått fire Grammyprisar og er blitt nominert til åtte.[3]
Han vart innlemma i Texas Heritage Songwriters Hall of Fame[4] i mars 2011 i lag med Lee Roy Parnell, Bruce Channel, Gary Nicholson og Cindy Walker.
Remove ads
Diskografi
Studioalbum
Singlar
Gjestesinglar
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads