Delia Murphy

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Delia Murphy Kiernan (16. februar 190211. februar 1971) var ein irsk songar og innsamlar av irsk folkemusikk (balladar). Under andre verdskrigen hjelpte ho monsignor Hugh O'Flaherty, ein irsk prest knytt til Det heilage officiet i Vatikanet, med å skjula og berga liva til 6500 allierte soldatar og forfølgde jødar, medan ektemannen hennar, Thomas J. Kiernan, var irsk minister til Pavestolen 1941–1946.

Kjappe fakta Fødd, Død ...
Remove ads

Liv og virke

Bakgrunn

Murphy kom frå ein velståande familie. Faren, John Murphy frå Hollymount, var blitt rik under gullrushet i Klondike i Canada. I Amerika gifta han seg med Ann Fanning, som var frå Roscrea i County Tipperary. Dei vende tilbake til heimlandet i 1901 og kjøpte den store Mount Jennings-eigedommen i Hollymount.

Faren oppmuntra tidleg dottera si interesse for irske balladar. Han tillét også «tinkers», eller reisande, å slå leir på eigedommen. Murphy sa sjølv at ho lærte seg dei fyrste balladane ved leirbåla deira.[1]

Murphy blei utdanna ved Presentation Convent i Tuam, Dominican College i Dublin og University College Galway (UCG), og tok grada Bachelor of Commerce ved sistnemnde lærestad. På UCG møtte ho Thomas J. Kiernan, og dei gifta seg i 1924, på 22-årsdagen hennar.

Dei fekk fire barn. Eitt av dei var den irske historikaren og forfattaren Colm Kiernan (1931–2010).

Diplomatkone og songar

Kiernan gjekk så inn i det irske diplomatiet. Den fyrste utanlandsposten hans var i London. Medan dei var der song Delia ofte ved samlingar av irske immigrantar, og blei ganske kjend.[2] I 1939 spelte ho inn The Blackbird, The Spinning Wheel og Three Lovely Lassies for His Master's Voice.

Ho song og spelte inn over hundre irske folkeballadar, dei fleste i 1920-, 1930-, og 1940-åra.

Innsats for flyktningar

I 1941 blei Kiernan utnemna til minister til Den heilage stolen i Roma. Den irske legasjonen var den einaste engelskspråklege legasjonen som framleis var open og tilgjengeleg i Italia etter at USA hadde gått inn i andre verdskrigen. (Den britiske legasjonen til Pavestolen hadde flytta inn i Vatikanstaten då Italia gjekk med i krigen i 1940, amerikanarane følgde same veg i desember 1941).

Murphy blei snart ein av dei som hjelpte den tidlegare pavelege diplomaten msgr. Hugh O'Flaherty («the Vatican pimpernel»), som skjulte allierte soldatar som hadde rømt frå krigsfangeleirar og (frå hausten 1943) jødar som stod i fare for å bli deportert av nazistane. I den korte perioden i 1943 mellom Badogliokuppet og den tyske okkupasjonen, hjelpte legasjonen mange rømde krigsfangar til å komma seg ut av Italia.[3]

I 1946 blei ho teken inn i Gravriddarordenen.[4]

Etter Roma

Kiernan blei seinare irsk høgkommissær og seinare den fyrste ambassadøren til Australia, og seinare til Vest-Tyskland, Canada og USA. I 1961, medan dei budde i Ottawa, spelte Murphy inn «The Queen of Connemara» produsert av Kenny Goldstein. Murphy og Kiernan kjøpte ein gard i Jasper i Ontario, nær Rideau Canal. Der budde ho for det meste av den gjenverande levetida si, også etter at Kiernan blei postert til USA.[5] Thomas Kiernan døydde i desember 1967

I 1969 var helsa til Murphy svært svekka. I november selde ho garden i Canada og vende tilbake til Irland. Ho budde i eit lite hus i Strawberry Beds, ein del av forstaden Chapelizod ved Dublin. Ho fekk eit massivt hjarteslag og døydde 11 februar 1971.[6]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads