Demre

From Wikipedia, the free encyclopedia

Demre
Remove ads

Demre er ein by og eit distrikt i provinsen Antalya ved kysten av Middelhavet i Tyrkia, kalla opp etter elva Demre.[1]

Kjappe fakta Land, Region ...

Demre heitte i antikken Myra, og låg i Lykia. Myra var heimstaden til St. Nikolas, som er opphavet til Julenissen. Distriktet vart kalla Kale fram til det fekk nytt namn i 2005. Byen hadde ein stor gresk folkesetnad fram til 1920-åra då dei vart tvungen til å flytte til Hellas etter folkeutvekslinga mellom Hellas og Tyrkia.[2] I dag står fleire greske hus tomme i Demre og områda kring.[2] Regionen er i dag ein populær turiststad, særleg for kristne pilegrimar som vitjar grava til St. Nikolas.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads