Den Hirschsprungske Samling

From Wikipedia, the free encyclopedia

Den Hirschsprungske Samling
Remove ads

Den Hirschsprungske Samling er eit kunstmuseum i København. Museet opna i 1911 og inneheld dansk kunst frå 1800-talet og byrjinga av 1900-talet.[2] Det er særleg lagt vekt på dansk gullalderkunst frå 1800–1850, men òg Skagensmålarane og andre representantar for det moderne gjennombrotet er representerte. Kunstverka er stilt ut saman med interiører og møblar frå heimane til den enkelte kunstnar.

Kjappe fakta Stad, Skipa ...

Samlinga vart skipa av tobakkfabrikant Heinrich Hirschsprung og kona Pauline, som donerte si private kunstsamling til den danske stat i 1902.[2]

Museet stiller ut meir enn 700 kunstverk og alle dei store målarane frå den danske gullalderen er representerte, som C.W. Eckersberg, Christen Købke, Wilhelm Bendz, Wilhelm Marstrand, J. Th. Lundbye, Dankvart Dreyer og Martinus Rørbye med fleire.

Av Skagensmålarane og andre representantar for det moderne gjennombrotet finst mellom anna P.S. Krøyer, Michael og Anna Ancher og Theodor Philipsen i tillegg til fleire av kunstnarane frå Fyn.

Remove ads

Bygninga

Bygninga til museet er teikna av den danske arkitekten H.B. Storck og stod ferdig i 1911. Han blei freda i 1995.[3]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads