Den norske automobilfabrikk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Den norske automobilfabrikk, R. Hesselberg-Meyer AS vart stifta i 1936, i lokala til den tidlegare Norsk automobilfabrikk på Kambo utanfor Moss [1]. Føretaket produserte opphavleg ikkje eigne bilar, men importerte Plymouth frå USA, som dei monterte på Kambo. Monteringa tok til i 1937. I 1938 tok dei til med lisensproduksjon av Adler.

Under 2. verdskrig tok den tyske okkupasjonsmakta over lokala og nytta dei til å reparere Junker-fly. Etter krigen var det ikkje lenger ynskjeleg å produsere tyske bilar og produksjonen vart avgrensa til lastebilproduksjon i liten skala. I etterkrigstida vart det òg monterte ymse bilmerke i lokala, men føretaket gjekk etter kvart over til å importere ferdige bilar.
Remove ads
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads