Den britisk-indiske hæren

From Wikipedia, the free encyclopedia

Den britisk-indiske hæren
Remove ads

Den britisk-indiske hæren (eng. Indian Army, IA) var militærvesenet i Britisk India, oppretta etter Det indiske opprøret i 1857, då den britiske krona tok over styret av India frå Det britiske austindiakompaniet. Før dette hadde austindiakompaniet betalt for og styrt sine eigne soldatar. Hæren fungerte som ein militærstyrke for å tryggje dei britiske interessene i India og gjorde også teneste, særleg under verdskrigane, utanfor landet.

Thumb
Indiske soldatar i Singapore i 1941.

Frå 1903 og fram til India fekk sjølvstende i 1947 var hæren sett saman av to fråskilde delar; den «innfødde» indiske hæren og regiment frå den britiske hæren som gjorde teneste i India.

Ved delinga av Britisk India blei også den indiske hæren delt, i den indiske og den pakistanske hæren.

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads