Den indiske hæren

From Wikipedia, the free encyclopedia

Den indiske hæren
Remove ads

Den indiske hæren (hindi भारतीय थलसेना, Bhāratīya Thalsēnā) er den landbaserte og den største greina i det indiske forsvaret. Han er ein av dei største ståande hærane i verda, med over 1,1 millionar aktive soldatar og 960 000 reservestyrkar. Over 80 % av dei aktive forsvarsstyrkane i India høyrer til hæren. Som resten av det indiske forsvaret er rekruttering bygd på frivillig verving.

Thumb
Soldatar frå 99th Mountain Brigade's 2nd Battalion, 5 Gorkha Rifles, under øvinga Yudh Abhyas i 2013.
Thumb
Indiske stridsvogner under øvinga Yudh Abhyas i 2009.

Hæren er sett saman av fleire regiment, men er delt inn i sju forband (Commands) med ulike geografiske basar og operasjonsområde. Den øvste leiaren (de jure) er presidenten i India, men hæren blir de facto styrt av den indiske forsvarsministeren og kommandert av hærstabssjefen, som er ein firestjerners general.

Hæren har bakgrunn i militærstyrkane som kjempa for Det britiske austindiakompaniet og seinare hæren til Britisk India. Mange av regimenta har derfor teke del i slag og felttog også før India fekk sjølvstende. Etter sjølvstendet har hæren vore involvert i fire krigar mot nabolandet Pakistan og ein mot Kina. Andre større operasjonar har vore Operation Vijay, Operation Meghdoot og Operation Cactus. Hæren har også vore fredsbevarande styrke for SN fleire gonger, mellom anna i Angola, El Salvador, Kambodsja, Kongo, Kypros, Korea, Libanon, Liberia, Mosambik, Namibia, Somalia og Vietnam.

Remove ads

Forband

Meir informasjon Logo, Namn ...

Regiment

Thumb
Soldatar frå Rajput Regiment
Thumb
Soldatar frå Sikh Light Infantry
Thumb
Soldatar frå Madras Regiment

Oppbygginga av Den indiske hæren byggjer på den britiske. Han består av regiment som er ansvarlege for å danna bataljonar til ulike operasjonar. Kvart regiment har ein eigen identitet og lojalitet, og soldatar blir som regel heile karrieren sin i eitt regiment.

Infanteri-regiment rekrutterer soldatar ut frå visse kriterium som regional, etnisk eller religiøs tilhøyrsel, ei anna arv frå den britisk-indiske hæren. Det er blitt gjort ulike framlegg om å danna regiment utan slike band, men desse har hatt lite suksess. Hæren har 31 infanteriregiment:

Infanteriregiment etter alder:[1]

  • Brigade of the Guards
  • Parachute Regiment
  • Mechanised Infantry Regiment
  • Punjab Regiment
  • The Madras Regiment
  • The Grenadiers
  • Maratha Light Infantry
  • Rajputana Rifles
  • Rajput Regiment
  • Jat Regiment
  • Sikh Regiment
  • Sikh Light Infantry
  • Dogra Regiment
  • The Garhwal Rifles
  • Kumaon Regiment
  • Assam Regiment
  • Bihar Regiment
  • Mahar Regiment
  • Jammu & Kashmir Rifles
  • Jammu & Kashmir Light Infantry
  • Naga Regiment
  • 1 Gorkha Rifles (The Malaun Regiment)
  • 3 Gorkha Rifles
  • 4 Gorkha Rifles
  • 5 Gorkha Rifles (Frontier Force)
  • 8 Gorkha Rifles
  • 9 Gorkha Rifles
  • 11 Gorkha Rifles
  • Ladakh Scouts
  • Rashtriya Rifles
  • Arunachal Scouts
  • Sikkim Scouts




Andre regiment:

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads