Den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922

From Wikipedia, the free encyclopedia

Den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922
Remove ads

Den gresk-tyrkiske krigen 19191922, òg kalla krigen i Litleasia eller det greske felttoget i den tyrkiske sjølvstendekrigen, var ei rekkje militære hendingar som oppstod under oppdelinga av Det osmanske riket etter den første verdskrigen mellom mai 1919 og oktober 1922. Krigen vart utkjempa mellom Hellas og styrkane til Den tyrkiske nasjonalrørsla, som seinare etablerte Republikken Tyrkia.

Kjappe fakta Dato, Stad ...

Det greske felttoget vart innleidd fordi vestlege allierte, særleg den britiske statsministeren David Lloyd George, hadde lova Hellas område frå Det osmanske riket. Det enda med at Hellas gav opp alle landområda dei hadde fått under krigen, og grensene gjekk tilbake til slik dei hadde vore før krigen. Eit resultat av krigen var òg folkeutvekslinga mellom Tyrkia og Hellas gjennom Lausannetraktaten.

Dei mislykka militære operasjonane til Hellas, og Ententemaktene sitt tap i den tyrkisk-armenske og den fransk-tyrkiske krigen mot dei tyrkiske revolusjonsstyrkane tvinga dei tilbake til forhandlingsbordet, og dei måtte gje opp Sèvrestraktaten til fordel for den nye traktaten i Lausanne og godkjenne sjølvstende til Republikken Tyrkia og suvereniteten deira av over Aust-Thrakia og Anatolia.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads