Den haitiske revolusjonen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Den haitiske revolusjonen
Remove ads

Den haitiske revolusjonen (17911804) var ein periode med store konfliktar som omfatta det einaste slaveopprøret i Amerika som slavane har gått sigrande ut av. Resultatet vart at Haiti vart oppretta, som den fyrste sjølvstendige republikken som var styrt av ikkje-kvite. I tida før revolusjonen var Haiti ein fransk koloni og heitte Saint-Domingue.

Thumb
Slaget på Santo Domingo, eit måleri av January Suchodolski som viser ein kamp mellom dei polske troppane i fransk teneste og dei haitiske rebellane

Gjennom revolusjonen frigjorde afrikanarar og personar med afrikansk opphav seg frå fransk kolonisering og slaveri. Sjølv om det fann stad mange slaveopprør på denne tida, var det berre revolusjonen på Saint-Domingue i 1791 og utover som var framgangsrik nok for å frigjere ei heil øy.[1]

Haiti gjekk frå å vere ein fransk koloni til ein sjølvstyrt stat gjennom ein prosess som sette djupe spor etter seg. Systemet som dei franske slaveeigarane etablerte, innebar vald og truslar for å få opp effektiviteten. Dette valdsbaserte systemet overlevde revolusjonen og heldt fram i den nyfødde republikken, ettersom ein kvit elite tok den politiske og økonomiske makta.[2]

Historikarar har tradisjonelt rekna ein voodooseremoni i august 1791 med Dutty Boukman som den utløysande årsaka til revolusjonen,[3] men eigentleg var bakgrunnen for opptøyane meir kompleks enn som så.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads