Den heilage alliansen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Den heilage alliansen
Remove ads

Den heilage alliansen var ein allianse som vart inngått mellom Russland, Austerrike og Preussen i 1815 på initiativ av tsar Aleksander I av Russland. Allianseavtala vart underteikna av dei tre maktene i Paris den 26. september 1815. Føremålet var å stå vakt om freden og den kristne verda, og dette siste gav namn til alliansen. Alliansen kom i stand sjølv om dei tre landa hadde ulike kristne konfesjonelle preferansar: Russisk-ortodoks (Russland), katolsk (Austerrike) og luthersk (Preussen).

Thumb
Dei tre grunnleggjarar av Den heilage alliansen: Russland (grøn), Austerrike (gul) og Preussen (grå)

Den svært religiøse Aleksander, etter påverknad frå rådgjevaren sin baronesse Barbara von Krüdener, meinte at dei europeiske herskarane burde styrast av kristen miskunn og fredsvilje. Fyrstane forplikta seg til å herska over folk som fedrar i Treeininga sitt namn, og støtte kvarandre i dette føremålet.[1][2]

Dei aller fleste landa i Europa knytte seg til alliansen etter dei vart innbodne i 1816. Frankrike vart ein del av alliansen i 1818.

Han vart ein politisk maktreiskap i tiåra etter Wienerkongressen. Den austerrikske utanriksministeren, fyrst Metternich nytta alliansen til å verna den beståande samfunnsordninga og slo ned kvart og eit forsøk på revolusjon. Alliansen freista å verna seg mot tendensar frå den franske revolusjonen, og var imot demokrati, revolusjon og sekularisme. Med unntak av Storbritannia, Pavestolen (Kyrkjestaten - for paven var overtydd om at alliansen berre var eit forsøk frå tsaren om å styra folka teokratisk) og Det osmanske riket, støtta dei andre statane i Europa alliansen. Det var ei konservativ rørsle som ynskte å verna freden i Europa – innanfor dei politiske rammene til kvart enkelte land.

Etter at tsar Aleksander døydde i 1825 mista alliansen tydinga si og gjekk i praksis i oppløysing.

Remove ads

Kjelder

Litteratur

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads