Den iranske revolusjonsgarden
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Den iranske revolusjonsgarden (persisk sepah-e pasdaran-e enqelab-e eslami) er ei grein av det iranske forsvaret. Han vart oppretta i 1979 som ei motvekt til dei vanlege militære styrkane og for å verna det islamske systemet i landet. Garden har eigen hær, eige sjøforsvar, luftforsvar og eiga etterretningsteneste.

Den iranske revolusjonsgarden har ein aktiv styrke på over 190 000 menn. I tillegg styrer han Basij-militsen, som tel kring 100 000 kvinner og menn.[1][2]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads