Den karolingiske renessansen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Den karolingiske renessansen er den vanlege nemninga på eit viktig kulturpolitisk straumdrag som voks fram i styringstida til Karl den store og sonen hans, Ludvig den fromme. Sentrale i denne rørsla var mellom andre Alcuin av York og Paulus Diaconus, som var historikar for Karl. Rørsla vann fram i ein periode med relativ fred og gode utanrikspolitiske kontaktar, mellom anna med Bysants. I denne tida voks Organum-stilen fram, det vart skrivne lærebøker i musikk og andre vitskapar, og dei første universiteta kom til. Ved hoffet til Karl vart det utvikla ein ny type skrift, karolingisk minuskel, som er opphavet til moderne små bokstavar. Mellomalderlatin vart og utvikla på grunnlag av den klassiske latinen, til bruk ved nye lærestader.

Tida er kalla «renessanse» av di mange freista å vekkje oppatt ånda frå romarriket, sidan Karl var krona til keisar i 800. I denne tida freista Karl å gje ein felles europeisk grunnkultur, særleg gjennom arbeidet med standardreportoaret til gregoriansk song. Soleis kan vestleg musikk (eller klassisk musikk), rekne den karolingiske renessansen som opphavspunktet for si seinare utvikling. Den karolingiske renessansen er høgdepunktet for den frankiske hoffkulturen i mellomalderen.
Remove ads
Sjå òg
- Den ottonske renessansen
- Musica enchiriadis
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads