Den lokale gruppa
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Den lokale gruppa er ein liten galaksehop med meir enn 54 galaksar, som Mjølkevegen høyrer til. Dei fleste av galaksane er dverggalaksar. Tyngdepunktet i hopen ligg ein stad mellom Mjølkevegen og Andromedagalaksen. Den lokale gruppa dekkjer ein diameter på 10 millionar lysår og er fordelt binært (som ein manual)[1]. Galaksane i hopen er bundne saman av gravitasjon, slik at dei i motsetning til andre, meir fjerne galaksar, ikkje er på veg vekk ifrå kvarandre. Sjølve gruppa er ein del av den større Jomfru-superhopen.[2]

Dei to mest massive medlemmane i gruppa er Mjølkevegen og Andromedagalaksen. Desse to spiralgalaksane har kvar sine system av satellittgalaksar. Triangelgalaksen, er den tredje største og einaste ustripete spiralgalaksen i den lokale gruppa. Det er usikkert om denne følgjer Andromedagalaksen eller ikkje. Dei magellanske skyene ligg òg i gruppa.
Remove ads

Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads