Den store messa i C-moll
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Den store messa i c-moll (tysk Große Messe in c-Moll), K. 427 (K. 417a), er ei messe av Wolfgang Amadeus Mozart. Messa i c-moll vart komponert i 1782 og 1783 i Wien. Det storskala verket, skriven for to sopransolistar, ein tenor og ein bass, dobbelt kor og stort orkester, vart aldri skriven ferdig.
Mozart skreiv i eit brev til faren at han skreiv messa i takksemd over at forloveden Constanze hadde vorte frisk att etter ein sjukdomsperiode. Verket er ufullstendig og manglar heile Credoen og heile Agnus Dei-delen. Sanctus-delen har delvis gått tapt. Sidan treng heile teksten for å liturgisk bruk, er det truleg at Mozart sette inn delar frå tidlegare messer.
Remove ads
Struktur
- Kyrie (Andante moderato: Kor og sopran)
- Gloria
- Gloria in excelsis Deo (Allegro vivace: Kor)
- Laudamus te (Allegro aperto: Sopran II)
- Gratias agimus tibi (Adagio: Kor)
- Domine Deus (Allegro moderato: Sopranar I og II)
- Qui tollis (Largo: Dobbelt kor)
- Quoniam tu solus (Allegro: Sopran I og II, tenor)
- Jesu Christe (Adagio: Koral) – Cum Sancto Spiritu (kor)
- Credo
- Credo in unum Deum (Allegro maestoso: kor)
- Et incarnatus est (Andante: Sopran I)
- Sanctus (Largo: Dobbelt kor)
- Benedictus qui venit (Allegro comodo: Kvartett og dobbelt kor)
Messa vart nytta i den Oscarnominerte animasjonsfilmen The Triplets of Belleville i ein scene då karakterane er til sjøs. Han vart òg nytta i A Man Escaped og[1] It dramaserien A Very British Coup der Credoet vart nytta som kjenningsmelodi.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads