Den store tyrkiske krigen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Den store tyrkiske krigen syner til ei rekkje konfliktar mellom Det osmanske riket og samtidige makter i Europa, som gjekk saman i Den heilage ligaen på andre halvdel av 1600-talet.
Remove ads
1667–1683
- Sjå òg den polsk-kosakkiske-tatarske krigen (1666–1671), den polsk osmanske krigen (1672–1676) og den russisk-tyrkiske krigen (1676–1681).
Etter opprøret til Bohdan Khmelnytskij, då tsardømet Russland erobra delar av det austlege Ukraina frå Det polsk-litauiske samveldet, vart somme kosakkar verande att søraust i Samveldet. Leiaren deira, Petro Dorosjenko, ønskte å knyte resten av Ukraina til Det osmanske riket, og starta eit opprør mot hetman (polsk hærførar) Jan III Sobieski. Sultan Mehmet IV, som visste at Det polsk-litauiske samveldet var svekka som følgje av indre stridar, gjekk til åtak på Kamieniec Podolski, ein stor by ved grensa.
Den vesle polske styrken stod imot omleiringa av Kamieniec Podolski i to veker, men vart så tvungen til å kapitulere. Den polske armeen var for liten til å stå imot ein osmansk invasjon og klarte berre å vinne nokre få mindre taktiske sigrar. Etter tre månadar vart Polen tvungen til å signere freden i Buchach der dei måtte gå med på å overgje Kamieniec Podolski, Podolia og betale skatt til den osmanske sultanen.[2]
Då meldinga om nederlaget og avtalen nådde Warszawa, nekta Sejmen å betale skatten og organiserte ein stor arme under Jan Sobieski. Polakkane vann så Slaget ved Chocim i 1673. Etter kong Michał døydde i 1673, vart Jan Sobieski vald til konge av Polen. Han prøvde så å slå osmanarane dei neste fire åra, utan suksess. Krigen enda den 17. oktober 1676 med freden i Żurawno der tyrkarane berre fekk ha att kontroll over Kamieniec Podolski.
Dette tyrkiske åtaket førte i 1676 òg til starten på den russisk-tyrkiske krigen.
Remove ads
Niårskrigen (1683–1698)
- Sjå òg Moreakrigen, den polsk-osmanske krigen (1683–1699) og den russisk-tyrkiske krigen (1686–1700).
Etter nokre år med fred gjekk Det osmanske riket til åtak på Habsburgmonarkiet. Tyrkarane klarte nesten å erobre Wien, men Jan III Sobieski leia ein kristen allianse som slo dei i slaget ved Wien, noko som utsette hegemoniet til Det osmanske riket i det søraustlege Europa.
Ein ny Heilag liga vart forma av pave Innocent XI og omfattar Det tysk-romerske riket (leia av Habsburg-Austerrike), Det polsk-litauiske samveldet og Republikken Venezia i 1684,[3] og seinare Russland i 1686. Det andre slaget ved Mohács vart eit knusande nederlag for sultanen.
Involveringa til Russland var første gong landet formelt vart med i ein allianse med dei europeiske maktene. Dette var starten på ei rekkje russisk-tyrkiske krigar, som heldt fram heilt til 1900-talet. Som følgje av Krim-felttoga og Azov-felttoga, kapra Russland den viktige osmanske festninga Azov.
Etter det avgjerande slaget ved Zenta i 1697 og mindre småkampar (som slaget ved Podhajce i 1698), vann ligaen krigen i 1699 og tvinga Det osmanske riket til å signere freden i Karlowitz.[4] Osmanarane avstod det meste av Ungarn, Transilvania og Slavonia til Habsburgmonarkiet medan Podolia vart gjeven attende til Polen. Det meste av Dalmatia gjekk til Venezia, i lag med Morea (Peloponnes), som osmanarane fekk attende med freden i Passarowitz i 1718.
Remove ads
Sjå òg
- Osmanske krigar i Europa
- Osmansk-habsburgske krigar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads