Den store utreinskinga
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Den store terroren eller den store utreinskinga (russisk Большая чистка) var ein omfattande undertrykkings- og forfølgingskampanje igangsett av Josef Stalin i Sovjetunionen som varte frå 1937 til 1938.[1][2] Terroren omfatta utreinskingar innan kommunistpartiet, undertrykking av bønder («kulakkar»), deportasjonar av etniske minoritetar og forfølging av einskildpersonar av diverse andre grunnar, og var prega av omfattande overvaking, utbreidde mistankar om «sabotasje», fengslingar og drap. Estimat over talet på offer varierer frå det offisielle talet på 681 692 til nærare 2 millionar. I vesten vart nemninga «den store terroren» etablert med Robert Conquest si bok med same tittel frå 1968.
Remove ads
Sjå òg
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads