Den tomme stolen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Den tomme stolen (orig. The Casual Vacancy) er ein roman av J.K. Rowling, gjeven ut av forlaget Little, Brown and Company 27. september 2012.[1][2][3][4] Romanen, som var den fyrste boka til forfattaren etter Harry Potter-serien, var skriven for vaksne lesarar.[5]
Boka kom ut på norsk i november 2012 på forlaget Cappelen Damm, som òg har gjeve ut Harry Potter-bøkene.[6]
Ein fjernsynsserie basert på boka blei send på BBC i 2015.[7]
Remove ads
Handling
Little, Brown and Company beskreiv handlinga på nettstaden sin:
« | Barry Fairbrother er i byrjinga av førtiåra når han heilt uventa døyr, noko som etterlèt den engelske landsbyen Pagford i sjokk. Staden verkar som ein engelsk idyll, med torg lagt med brustein og eit historiske kloster. Men under den vakre fasaden er det ein by i krig. Det ledige setet Barry etterlèt seg i soknerådet blir snart kjelde til den største konflikten byen har opplevd. Kven vinn valet prega av lidenskap, dobbeltspel og uventa avsløringar?[8] | » |
Remove ads
Bakgrunn og utgiving
Rowling fekk ideen om boka under ei flyreise. Under arbeidet med boka tenkte ho å kalle henne Responsible ('Ansvarleg').[9]
Rowling sitt føretak, The Blair Partnership, annonserte 23. februar 2012 på nettstaden sin at Rowling skulle publisere ei ny bok retta mot vaksne. 12. april 2012 kunngjorde Little, Brown and Company at boken ville heite The Casual Vacancy (Den tomme stolen) og ville bli gjeven ut 27. september 2012.[10] Rowling var på London Southbank Centre[11] og Cheltenham litteraturfestival.[12]
Omslaget er designa av Jon Gray, som er kjend for å lage hand-skribla omslag for Jonathan Safran Foers Everything Is Illuminated.
Forventningane til var boka enorme, spesielt blant Harry Potter-fans.[13]
Remove ads
Mottaking
Kritikk
Lev Grossman skreiv for Time Magazine i ei positiv vurdering, «Den [boka] er ein stor, ambisiøs, strålande, profan, morsam, djupt opprørande og praktfull veltalande roman om det moderne England, rik med litterær intelligens og full mangel på tull.»[14] Mellom anna The Daily Mirror, The Wall street Journal[15] og lesarar av Associated Press og Daily Beast[16][17] gav òg svært positive vurderingar. Emma Lee-Potter som skriv for Express.co.uk kalla boka «ei svært leseleg, moralsk forteljing for vår tid.»[18]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads