Denver

From Wikipedia, the free encyclopedia

Denver
Remove ads

Denver er hovudstaden og største byen i delstaten Colorado i USA. Byen har 554 636 innbyggarar, og med forstadar har Denver-Aurora området omtrent 2,83 millionar innbyggarar. Denver blei grunnlagt i 1854 og oppkalla etter guvernøren i Kansas-territoriet, som heitte James W. Denver.

Kjappe fakta Land, Stat ...

Denver ligg ved foten av fjellkjeda Rocky Mountains. 15. steg på Colorados Kapitol ligg 1 609 m. over havet, noko som har gjeve Denver namnet «Mile High City».

Sidan Denver er den største byen i ein omkrins av 600 km, er han eit viktig transportsentrum. Den nye flyplassen som blei opna i 1995 vår, målt i passasjertal, er den femte største i USA og var den tiande største i verda i 2004.

Remove ads

Denver County

Denver er òg eit fylke, og det grensar mot Adams County i nordaust, Arapahoe County i aust og mot Jefferson County i vest. Det har eit totalt areal på 401 km², og fire km² av dette er vatn. Fylket blei grunnlagt i 1902 av land som blei skilt ut frå Arapahoe County.

Folk frå Denver County

  • John Searle, filosof, kjend for Det kinesiske rom-tankeeksperimentet
  • Karl Rove, rådgjevar til George Bush, norskætta

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads