Departure av Journey
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Departure er det sjette studioalbumet av det amerikanske rockebandet Journey. Det kom ut 29. februar 1980 på Columbia Records.[3]
Departure var det bestseljande Journeyalbumet til då og det var første gongen dei nådde topp 10 på Billboard 200-lista, med ein åttandeplass. Albumet inneheld «Any Way You Want It», den første singelen på albumet, som nådde 23. plassen på singellista.[3]
Albumet hadde ein skarpare lyd, delvis takka vere at songane vart spelte inn «live i studio».[1] Bandet drog til studioet The Automatt i San Francisco med 19 songar, og gav til slutt ut 12 av dei.[3]
Departure var det siste fulle studioalbumet med det opphavlege medlemmet Gregg Rolie, og den nest siste innspelinga hans med bandet. Dei siste bidraga hans kom ut på Dream, After Dream, eit filmmusikkalbum til ein japansk film med same namn, som òg kom ut i 1980. Rolie var blitt lei turnélivet og valde å slutte i bandet etter å ha vore med å finne sin eigen erstattar, Jonathan Cain, som då hadde spelt i The Babys. Rolie song solovokal på ein av songane på Departure, balladen «Someday Soon».
I 1986 gav Columbia ut Departure på CD i USA og Europa.[4] Albumet vart ommastra i 1996.[5] BMG/Columbia gav ut ei ny ommastra utgåve av Departure igjen i 2006,[6] og la til bonusspora «Natural Thing» og «Little Girl».
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
- Bandmedlemmar
- Steve Perry - solovokal
- Neal Schon - gitar, solovokal på spor 4, korvokal
- Gregg Rolie - klaverinstrument, munnspel, solovokal på spor 3, korvokal
- Ross Valory - bassgitar, korvokal
- Steve Smith - trommer, perkusjon, korvokal
- Produksjon
- Geoff Workman - produsent, lydteknikar, miksing
- Kevin Elson - produsent
- Ken Kessie - lydteknikar
- Jim Welch - kunstnarisk leiar
Salslister
Salstrofé
Land | Organisasjon | År | Salstal |
USA | RIAA | 1994 | 3x Platina (+ 3 000 000)[12] |
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads