Derek Drouin
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Derek Drouin (fødd 6. mars 1990) er ein kanadisk tidlegare friidrettsutøvar frå Sarnia i Ontario som vart verdsmeister 2015 og olympiameister 2016 i høgdehopp.
Remove ads
Aktiv
Drouin vart kanadisk meister i høgdehopp i 2010. Han deltok i Sommar-OL 2012, der han var ein av tre bronsevinnarar i høgdetevlinga. I 2013 forbetra han den kanadiske rekorden til 2,36 m i Eugene i delstaten Oregon, og la under friidretts-VM 2013 i Moskva på til 2,38 meter, noko som gav han bronsemedaljen i ei tevling med sjeldan sterke prestasjonar.
Den 25. april 2014 flytta Drouin til 2,40 m i eit stemne i Des Moines i delstaten Iowa. Under VM i friidrett 2015 i Beijing lukkast han sikre seg gullmedaljen i høgdehopp, då etter at dei tre gjenverande utøvararane hadde rive tre gongar på 2,36 m, lukkast Drouin som den einaste å ta seg over 2,34 m i fyrste forsøk. Ved dei olympiske sommarleikane 2016 svinga Drouin seg over 2,38 m og vann ein ny gullmedalje.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
- OL 2012 i London: Sølvmedalje – 2,29 m
- VM 2013 i Moskva: Bronsemedalje – 2,38 m
- VM 2015 i Beijing: Gullmedalje – 2,34 m
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Gullmedalje – 2,38 m, framom Mutaz Essa Barshim (2,36 m)
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Derek Drouin» frå Wikipedia på engelsk, den 3. september 2016.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads