Derrick Adkins

From Wikipedia, the free encyclopedia

Derrick Adkins
Remove ads

Derrick Adkins (fødd 2. juli 1970) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå New York som vart verdsmeister 1995 og olympisk meister 1996 i 400 meter hekk.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Adkins slo gjennom i 1991-sesongen, då han vann 400 meter hekk under universiaden i Sheffield og vart sjettemann i VM i Tokyo. To år seinare kom han på sjuandeplass i Stuttgart-VM.

Hans fyrste store meisterskapstriumf kom i 1995 under VM i Göteborg, der han vann gullmedaljen på langhekken fem hundredelar framom zambiaren Samuel Matete. Under Sommar-OL 1996 i Atlanta stod gullstriden atter mellom Adkins og Matete, og nok ein gong vann Adkins, då med 24 hundredelars forsprang.

Adkins siste internasjonale meisterskap vart VM 1997, der han rauk ut i semifinalane.

Remove ads

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads