Despotar
slekt av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Despotar (Schiffornis) er ei biologisk slekt innanfor tityrafamilien. Det er sju artar i slekta, seks av dei lever i skogshabitat i Sør-Amerika, ein finst i Mellom-Amerika og nordvestlege Sør-Amerika. Alle er klassifiserte som livskraftige av Verdas naturvernunion IUCN.
Remove ads
Skildring
Despotar er mellomstore tityraer med berre marginale ulikskapar i fjørdrakt, alle rundt 15,5 centimeter i kroppslengd. Fjørdrakta er fri for kontrastar og markeringar, fargetonane er diffus grønbrune eller olivengrøne. Rustdespot skil seg frå dei andre artane med meir klår kanelfarga fjørdrakt og lysare underside.
Despotar lever av frukt og insekt.
Artsliste
Schiffornis i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1. 2024,[1] Norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler.[2]
- Rustdespot, S. major, Varzea Schiffornis, des Murs, 1856, (LC)
- 15-15,5 cm, lever i sesongmessig overfløymde område av Amazonas-regnskogen, várzea
- Olivendespot, S. olivacea, Guianan Schiffornis, (Ridgway, 1906), (LC)
- 15,5-16,5 cm, fuktig til våt skog i Guayanaskjoldet
- Norddespot, S. veraepacis, Northern Schiffornis, (Sclater, PL & Salvin, 1860), (LC)
- 15,5-16,5 cm, fuktig til våt skog frå sørlegaste Mexico til vestlege Ecuador
- Fjellfotdespot, S. aenea, Foothill Schiffornis, Zimmer, JT, 1936, (LC)
- 15,5-17 cm, langst austsida av Andes gjennom heile Ecuador der han lever i underskog opp til 1700 moh.
- Rustvengdespot, S. stenorhyncha, Russet-winged Schiffornis, (Sclater, PL & Salvin, 1869), (LC)
- 15,5-16,5 cm, fuktig låglandsskog under 1800 moh. langs austlege Panama, nordlege Colombia og nordvestre Venezuela
- Brundespot, S. turdina, Brown-winged Schiffornis, (Wied-Neuwied, M, 1831), (LC)
- 15,5-16,5 cm, lever i (skog) i Amazonas-bekkenet
- Grøndespot, S. virescens, Greenish Schiffornis, (Lafresnaye, 1838), (LC)
- 15,5 cm, utbreiing i våt galleriskog og moden, gjenreist skog i sørlegaste Brasil og sørlege Paraguay
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads