Keltarsjøen

hav From Wikipedia, the free encyclopedia

Keltarsjøenmap
Remove ads

Keltarsjøen (irsk An Mhuir Cheilteach; walisisk Y Môr Celtaidd; kornisk An Mor Keltek; bretonsk Ar Mor Keltiek) er eit havområde i Atlanterhavet sør for Irland. Det grensar i aust til St George's Channel, Bristolkanalen og Den engelske kanalen, i tillegg til kystområda av Wales, Cornwall, Devon og Bretagne. Den keltiske arva til dei tilstøytande landområda har gjeve havområdet det namnet det har, først foreslått av E. W. L. Holt i 1921. Den nordlege delen av havområdet vart tidlegare rekna som ein del av St George's Channel og den sørlege delen hadde ikkje noko eige namn. Behovet for eit eige namn på havområdet oppstod på grunn av at området har felles geologi og hydrologi. Namnet vert i dag hovudsakleg nytta av oljebransjen og fiskeindustrien.

Kjappe fakta Land ...

Den sørlege og vestlege grensa av havområdet er ikkje klart definert. Holt foreslo at grensa skulle gå der djupet var 200 famner (366 meter), medan Ushant - den internasjonale hydrografiske orgnisasjon - definerer grensa ut frå loksodromar, som dreg havområdet noko lenger sørover.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

50°30′N 7°54′W


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads