Den engelske kanalen
hav From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Den engelske kanalen (engelsk the English Channel, fransk la Manche) er sundet som skil England frå Frankrike. Det er ein del av Atlanterhavet, og knyter dette til Nordsjøen. Sundet er smalast i aust, det vil seie mellom Dover og Calais, der det er 34 km breitt. På det breiaste er sundet 240 km.

Øyane Jersey og Guernsey og ein del småøyar ligg i Den engelske kanalen, nærmast den franske sida, og vert med eit felles namn kalla Kanaløyane. Île d'Ouessant markerer den vestlege enden åt kanalen, og pas de Calais (engelsk Strait of Dover) den austlege.
Remove ads
Opphavet åt sundet

Før slutten åt den siste istida, for omkring 10 000 år sidan, var Dei britiske øyane ein del av det europeiske fastlandet. Då isen smelta vart det danna ein stor ferskvasssjø i den sørlege delen av området, den som i dag er Nordsjøen. Vatn rann ut frå denne sjøen til Atlanterhavet mellom Dover og Calais.
Omkring år 6500 fvt. slipte kraftig erosjon bort kalk slik at Den engelske kanalen vart danna. Han er seinare vorten noko breiare når bølgjene har tært på kalkklippene. Denne utviklinga held fram.
Remove ads
Kanaltunnelen

Planane om ein tunnel under kanalen er gamle. I det 19. hundreåret vart det teke fleire prøver av grunnen, og gravinga byrja, men det synte seg at teknologien ikkje var komen langt nok.
Fyrst i 1994 opna Kanaltunnelen, som bind saman Cheriton i Kent på den engelske sida og Sangatte i nærleiken av Calais på den fransk sida. Den er ein jernbanetunnel, som vert bruka både til person- og godstransport.
Remove ads
Kryssingar av kanalen
Den engelske kanalen er så smal at han lett kan kryssast, men likevel eit hinder ein må forbi, både for enkeltpersonar og armear. Han er kjend som invasjonsveg for normannarane i 1066, den spanske armadaen i 1588, og den britiske hæren under D-dagen i 1944.
Medan sjøfolk har kryssa kanalen dagleg i fleire hundre år, er det og blitt gjort mange uvanlege forsøk på å koma seg over til den andre sida utan bruk av båt.
Siste verdsrekord
Den siste verdsrekorden som vart sett for ei kanalkryssing, var då sir Richard Branson slo rekorden for amfibiebil-kryssing med omkring seks timar den 14. juni 2004.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads