Det libyske flagget
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Det libyske flagget er delt i tre vassrette striper med eit halvmåne og stjerne-merke i midten.[1] Flagget blei først teke i bruk av Libya i 1951, etter at landet fekk sjølvstende frå Italia, og igjen av libyske opprørarar mot styret til Muammar Gaddafi i 2011.[1] Under Gaddhafi-styret nytta landet ulike andre flagg.


Flagg under Muammar Gaddhafi
Frå 1969 til 1977 brukte Den libyske arabiske republikken ein trikolor i raudt, kvitt og svart, frå 1972 med riksvåpenet i midten. I 1977 innførte diktatoren Muammar Gaddafi eit einsfarga grønt flagg.[2] Dette var det einaste nasjonalflagget i verda utan noka form for mønster. Grønfargen er heilag i islam, og står for denne religionen. Det grøne flagget blei teke i bruk den 19. november 1977, etter oppløysinga av føderasjonen av arabiske republikkar, der Egypt og Syria hadde vore med.
Orlogsflagget hadde nasjonalflagget i kantonen på ein lys blå duk. Eit eige maritimt merke, eit kvitt anker med kabel, er plassert i den frie enden av flagget.
Remove ads
Galleri
- Flagget til Den libyske arabiske republikken (1969-1972)
- Flagget til Den libyske arabiske republikken (1972-1977)
- Det grøne flagget (1977-2011)
- Orlogsflagget med det grøne flagget.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads