Det norske Theater
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Det norske Theater var eit teater i Bergen skipa i 1850 og nedlagd i 1863, då det gjekk konkurs.[1][2] Ole Bull og medhjelparar som Frits Jensen og Magdalene Thoresen fekk i gang drifta av teateret, som sidan hadde både Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson som tilsette.
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Det Norske Teatret.

Teateret blei innvigd med ei førestilling på stiftingsdagen den 2. januar 1850, ein dato som også i åra etter blei feira med premiereførestillingar. Det første stykket som blei spelt var Den Vægelsindede av Ludvig Holberg.[3]
Frits Jensen fekk ansvaret for å instruera unge, uerfarne skodespelarar. Det norske Theater gav førestillingar kvar onsdag og søndag i vår- og haustsesongen. Teateret heldt til i Komediehuset på Engen, som var bygd i 1800.[4] I 1876 blei Den Nationale Scene opna i den same bygningen.[5]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads