Det osmanske dynastiet

From Wikipedia, the free encyclopedia

Det osmanske dynastiet
Remove ads

Det osmanske eller ottomanske dynastiet var ei slekt som styrte Det osmanske riket i 600 år, frå 1281 til 1923. Det blir rekna for å ha teke til med Osman I, som både riket og dynastiet blei kalla opp etter.

Thumb
Suleiman den store er ein kjend osmanarherskar.

Titlar

Dei to første herskarane, Osman I og Orhan, brukte berre nemning «hovding» (bey), men i 1383 let Murat I seg krona til sultan. Frå 1517 var sultanane også muslimske kalifar. Det vil seia at dei blei rekna som det andelege overhovudet for islam, med rett til å utropa djihad, heilag krig.

Med den tyrkiske revolusjonen i 1922 blei sultantittelen avskaffa. Kaliftittelen blei avskaffa to år seinare.

Remove ads

Tilhøyrsle

Opphavleg var dynastiet av tyrkisk opphav, men etter omfattande politiske giftarmål kom det snart til å vera i slekt med dei fleste folkeslaga innan det veldige riket.

Etter at dei erobra Konstantinopel i 1453, tok osmanarane til seg mykje av den bysantinske kulturen, og etter kvart rekna dei seg ikkje som tyrkarar, som blei sett på som udanna bønder.

Lister over herskarar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads