Det serbiske alfabetet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Det serbiske alfabetet er ein variant av det kyrilliske alfabetet. Det består av 30 teikn som kvart svarer til éin lyd; alfabetet er altså fonetisk. Det blei konstruert av Vuk Stefanović Karadžić i 1818 ved ei tilpassing det russiske alfabetet, som allereie var i bruk for å skriva serbisk, til å betre passa lydane i språket. I 1868 blei alfabetet formelt anerkjend i Serbia. Samanlikna med det russiske alfabetet har nokre teikn rekna som overflødige blitt tekne ut, mellom anna ю, й, ъ, ь, щ, я. Dei nye teikna ћ, ђ, љ, њ, ј og џ blei lagde til. Desse blir ikkje brukte i nokre andre kyrilliske alfabet bortsett frå det makedonsk, men dette bruker ѓ og ќ i staden for ђ och ћ.


Store og små bokstavar i det serbiske alfabetet, med latinsk translitterering:
А а | A a | Н н | N n | |
Б б | B b | Њ њ | Nj nj | |
В в | V v | О о | O o | |
Г г | G g | П п | P p | |
Д д | D d | Р р | R r | |
Ђ ђ | Đ đ | С с | S s | |
Е е | E e | Т т | T t | |
Ж ж | Ž ž | Ћ ћ | Ć ć | |
З з | Z z | У у | U u | |
И и | I i | Ф ф | F f | |
Ј ј | J j | Х х | H h | |
К к | K k | Ц ц | C c | |
Л л | L l | Ч ч | Č č | |
Љ љ | Lj lj | Џ џ | Dž dž | |
М м | M m | Ш ш | Š š |
Remove ads
Tabell
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Serbiska alfabetet» frå Wikipedia på svensk, den 25. oktober 2017.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads