Det skotske flagget

From Wikipedia, the free encyclopedia

Det skotske flagget
Remove ads

Det skotske flagget (skotsk-gælisk: bratach na h-Alba;[1] skotsk: Banner o Scotland), også kjent som Saltire («andreaskross») eller St Andrew's Cross («sankt Andreas-kross»)[2] er nasjonalflagget til Skottland.[3] Flagget består av ein kvit andreaskross på blått felt, eller med heraldisk skildring, «azure, a saltire argent». Krossen står for apostelen Andreas, som er vernehelgen for Skottland. Det skotske nasjonalflgget, framfor Royal Standard of Scotland («den kongelege [heraldiske] fane for Skottland»), er det korrekte flagget for alle privatpersonar og bedriftsorgan i Skottland.[4] Det er òg, der det er mogleg, heist frå skotske regjeringsbygningar kvar dag frå 08.00 til solnedgang, med visse unntak.[5]

Thumb
Den offisielle versjonen av det skotske flagget.
Thumb
Tradisjonelt flagg med lysare blåfarge.

Bruken av det skotske flagget er dokumentert for fyrste gong med ein illustrasjon av eit heraldisk flagg i David Lyndsay sitt Register of Scottish Arms («Registeret av skotske våpenskjold»), ca. 1542.[6] Det er mogleg at dette er basert på ein presedens frå slutten av 1400-talet om bruken av ein kvit andreaskross på eit blått flagg. Etter seiande blei det gjort av dronning Margrete, kona til kong Jakob III (1451–1488).[7]

Flagget er til forveksling likt flagget til Tenerife, som er endå litt mørkare blått enn det skotske.

Remove ads

Fargar og dimensjonar

Blåfargen har variert mykje, fyrst og fremst ut frå kva slags fargestoff som har vore tilgjengeleg. I 2003 vedtok ein komité frå Det skotske parlamentet at offisielle flagg skal ha nyansen Pantone 300. Denne er noko lysare enn fargen som blir brukt i Union Jack, som er Pantone 280.

Proporsjonane er ikkje formelt bestemde, men det blir gjerne brukt 3:5 eller 2:3; den fyrste er mest vanleg. Krossen skal ha ei breidd tilsvarande ein femdel av høgda til flagget.

Remove ads

Det skotske kongeflagget

Thumb
Det skotske kongeflagget

Det skotske kongeflagget (Royal Standard of Scotland), også kjent som «Fanen til skottekongen» (Banner of the King of Scots)[8] eller meir som «Den oppreiste løva av Skottland» (Lion Rampant of Scotland)[9] er den kongelege våpenskjoldfana til Skottland.[10] Det kongelege flagget har historisk vore brukt av kongen av Skottland, og det skil seg frå det skotske nasjonalflagget ved at den korrekte bruken av det er avgrensa gjennom ei lov frå det skotske parlamentet til nokre få store statlege myndepersonar som offisielt representerer monarken i Skottland.[11] Eit kongeleg løyve frå 1934 i samband med sølvjubileet til Georg V godkjende likevel bruken av handhaldne versjonar av dette flagget, og denne typen flagg blir framleis blir nytta av tilhengjarar ved sportshendingar og andre offentlege høve.[12] Flagget blir også brukt offisielt ved kongelege residensar i Skottland når monarken ikkje er til stades.[13]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads