Det store russiske skismaet

From Wikipedia, the free encyclopedia

Det store russiske skismaet
Remove ads

Det store russiske skismaet eller raskol (russisk раско́л, uttalt [rɐskol], som tyder 'splitting' eller 'skisma') var hendinga som delte den russisk-ortodokse kyrkja i ei offisiell kyrkje og ei rørsle danna av dei såkalla starovertserna eller gammaltruande, òg kalla «raskolnikar» eller alternativt «skismatikarar». Delinga av kyrkja fann stad på midten av 1600-talet, utløyst av reformene patriark Nikon byrja innføra i 1652 for å skapa eining mellom dei greske og russiske kyrkjepraksisane.

Thumb
'Den gammaltruande presten Nikita Pustosvjat disputerer med patriark Joachim om trusspørsmål.' Måleri av Vasilij Perov frå 1880.
Remove ads

Reformene til Nikon

Thumb
Historiemåleri som viser korleis patriarken Nikon gjennomfører endringar i dei liturgiske bøkene.

Reformene som blei innførte av patriarken Nikon hadde bakgrunn i den kyrkjelege reformrørsla som følgde etter den store urotida. Målet med dei var å oppnå ei verdigare gudstenesteferiging og ei moralsk opphøging av presteskapet. Dei hadde sterk forankring ved hoffet til tsar Aleksej Mikhailovitsj. For å korrigera det som blei oppfatta som feil i den russisk-ortodokse liturgien og kyrkjelivet vende ein seg til dei greske originaltekstane til dei liturgiske bøkene sine. Med stor kraft og på kort tid (to år) dreiv Nikon gjennom ei rekke djuptgripande reformer.[1]

Innhaldet i reformene

Thumb
Detalj frå måleriet Bojarynja Morozova av Vasilij Surikov som viser arrestasjonen av Feodosia Morozova av nikon-følgjarar i 1671. Ho held opp to fingrar, den gamle måten å laga krossteiknet på.

Reformene omfatta dei mest synlege delane i gudstenester og kyrkjelivet for for trusutøvarane:[1]

  • Krossteiknet
  • Truvedkjenninga
  • Jesu namn
  • Teikna på hostien
  • Seremoniane i messa
  • Forma til alteret
  • Songtribunane blei rivne
  • Teltforma kyrkjetaka blei forbodne

Reformene medførte òg diskrete, men verkelege, endringar av teologiske standpunkt knytte til:[1]

  • Naturen til Guds mor
  • Messeofferet
  • Religionen til katolikkane

Liturgiske endringar

Meir informasjon Den nikenske truvedkjenninga, Krossteikn ...
Remove ads

Det store skismaet

Thumb
Dei gammaltruande si oppfatting om Nikon blir manifestert gjennom denne framstillinga, som viser ein visjon av den heilage Eleazar av Anzersk, der patriarken er omslynga av ein orm som symboliserer djevelen.

Det store skismaet fann stad på 1650-talet, som følgje av motstanden mot reformene til Nikon. Dei som tok avstand frå reformene kalla seg staroobrjadcy (gammalliturgikarar) eller starovery (gammaltruande). Biskopane støtta Nikon, medan det lågare presteskapet og lekfolket i stor utstrekking tok avstand frå dei. Ved eit kyrkjemøte i 1667 blei dei gammaltruande bannlyste som raskolnikar (kjettarar). Den leiande reformmotstandaren, protopopen Avvakum, blei brunnen på bål i 1682.[1]

Peter den store byrja reformarbeidet sitt for å omforma Russland til ei moderne militærmakt, rekna dei gammaltruande han som uekte son til Nikon og ein inkarnert Antikrist. Dei såg på Peter sine samfunnsendringar som ei stadfesting av at den siste tida var inne. Dei gammaltruande blei såleis fokuset i den moskovittiske opposisjonen mot det vesteuropeiske.[1]

Remove ads

Dei gammaltruande

Thumb
Historiemåleri som viser korleis munkane i Solovkiklosteret tok avstand frå Nikon sine reformer i 1666.

Ettersom ingen biskopar var gammaltruande kunne ein ikkje utføra nye prestevigslar; den einaste biskopen som tok avstand frå reformene til Nikon var blitt fengsla og hadde døydd. Frå byrjinga fanst det ein del gammaltruande prestar som allereie var prestevigde, men etterkvart som desse døydde fekk dei gammaltruande kyrkjelydane eit vanskeleg dilemma. Greina av gammaltruande som kom til å bli kalla bespopovcy (dei prestelause) meinte at den offisielle kyrkja var blitt ei kjettersk sekt gjennom reformene, og at den apostoliske suksesjonen dermed var gått tapt. Såleis fanst det ikkje lenger noko presteskap, sakrament eller kyrkje. I dei prestelause kyrkjelydane gjennomførte ein liturgien etter den gammalrussiske skikken, men sakramenta kunne ikkje delast ut og det fanst ingen alter. Greina som blei kalla popovcy (dei prestelige) meinte derimot ikkje at den apostoliske suksesjonen var gått tapt då òg den kjetterske kyrkja sine biskop- og prestevigslar var gyldige. Prestar som hoppa av frå den nikonske kyrkja kunne derfor forretta messeofferet og dela ut sakramenta.[1]


Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads