Detmold

From Wikipedia, the free encyclopedia

Detmold
Remove ads

Detmold er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 75 000 innbyggjarar. Byen var hovudstad i det litle fyrstedømet Lippe frå 1468 til 1918 og så i fristaten Lippe fram til 1947. I dag er han administrativt sete for kreisen Lippe og regierungsbezirk Detmold.

Kjappe fakta Land, Stat ...
Remove ads

Historie

Mellomalderen

Detmold vart først nemnd i 783 som Theotmalli, og i 1005 vart området (Gau) Tietmelli eller Theotmalli nemnd i skriftlege kjelder. I 1263 bygde Bernard III av Lippe festningsverk rundt busetnaden der handelsruta mellom Paderborn og Lemgo kryssa elva Werre. Han bygde steinmurar og gav staden kommunerettar. Folketalet i 1305 vart rapportert til 305. Handelsrettar vart gjevne i 1265, noko som førte til rask økonomisk vekst. Forsvarsverka vart kraftig utbygd då byen vart kraftig øydelagd under ein konflikt med Soest i 1447. Ein storbrann i 1547 øydela meir enn 70 hus.

I 1550 vart Detmold fast residens for grev Simon III av Lippe. Grevane vart promotert til fyrstar i 1789, og Detmold vart verande hovudstad av det vetle fyrstedømet fram til slutten av den første verdskrigen i 1918, då alle fyrstedøma i Tyskland vart avskaffa.

Moderne tider

Thumb
Teateret i Detmold.

Under grev Friederich Adolf vart byen utvida sørover frå 1701 og framover. For å kunne vekse vidare vart festningsmurane og vollgravene fjerna i 1720, men portane og tårna stod fram til 1780-åra. I 1809 vart det introdusert oljefyrte gatelys introdusert. I 1835 hadde byen vorte den mest folkerike i Lippe med over 4 000 innbyggjarar. Han voks til 12 000 innbyggjarar i 1900 og over 30 000 i 1950.

Frå 1919 til 1947 var Detmold hovudstad i Fristaten Lippe. Då Lippe vart ein del av den nye tyske staten vart området ein del av Nordrhein-Westfalen, og administrasjonssete i kreisen Lippe. Under den administrative reforma i 1970 vart 25 nærliggande landsbyar ein del av byen.

Remove ads

Folk frå Detmold

  • Friedrich Adolph Lampe (1683–1729), teolog
  • Ferdinand Freiligrath (1810–1876), forfattar
  • Giselher Klebe (1925–2009), komponist
  • Frank-Walter Steinmeier (f. 1956), politikar, utanriksminister, visekanslar og president i Tyskland[1]
  • Vera Ludwig (f. 1978), diktar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads