Dettifoss
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dettifoss er ein foss nordaust på Island, ikkje langt frå Mývatn. Han er ein del av elva Jökulsá á Fjöllum, som renn frå isbreen Vatnajökull og samlar vatn frå eit stort område nordaust på Island. Han har rykte på seg for å vere den kraftigaste fossen i Europa og har ei middelvassføring på 200 m³/s. Største målte vassføring er derimot på 420 m³/s, noko ein kan få i samband med is- og snøsmelting på sumaren. Fallet er 100 meter breitt og 44 meter høgt ned i gjelet Jökulsárgljúfur.
Dettifoss ligg i nasjonalparken Jökulsárgljúfur.
Remove ads
Fakta
Musikkstykket 'Dettifoss' (Op.57) av Jón Leifs er inspirert av denne fossen.
Sjå òg
Bakgrunnsstoff
Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Dettifoss frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
- http://www.world-waterfalls.com/waterfall.php?num=157 Arkivert 2008-12-23 ved Wayback Machine.
- Leffman, David; and Proctor, James (2004). The Rough Guide To Iceland, Rough Guides, 281. ISBN 1-84353-289-1.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads