Deyang
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Deyang (forenkla kinesisk 德阳, pinyin Déyáng; tradisjonell kinesisk 德陽) er eit byprefektur i provinsen Sichuan i Kina. Byprefekturet har eit areal på 5 818 km², folketalet vart i 2004 berekna til 3,81 millionar.

Byprefekturet Deyang omfattar eitt distrikt (区 qū), tre byfylke (市 shì) og to fylke (县 xiàn).
Sjølve Deyang by er i hovudsak ein velståande industriby. Store selskap produserer maskinar og elektriske artiklar. Byen har også ein del high-tech-industri.
Jordskjelvet i Wenchuan 2008 råka prefekturet, skular i byane Mianzhu og Shifeng kollapsa.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Deyang» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mars 2011.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads