Dhow

From Wikipedia, the free encyclopedia

Dhow
Remove ads

Dhow er ein båttype som tradisjonelt vart bygd rundt Arabiahavet og Persiabukta. Han fører eit eller fleire latinske segl, g kan også drivast med årer.[1] Storleiken kan variera frå mindre båtar, 15 til 20 fot, til større havgåande fartøy opp til 300 tonn. Nemninga «dhow» vert ikkje brukt av arabarane, men er truleg ei avleiing frå swahili eller eit gammalt arabisk ord for båt.

Thumb
Dhow ved Unguja (Zanzibar).
Foto: Muhammed Mahdi Karim
Thumb
Dhow fotografert ved Lamu.
Foto: Karl Ragnar Gjertsen

Heilt opp til 1960-talet segla det dhower som handelsfartøy mellom Persiabukta og Aust-Afrika. Frakten var for det meste dadlar og tørka fisk til Aust-Afrika og tømmer til landa rundt Persiabukta. Slavar var lenge òg ei viktig handelsvare frå Aust-Afrika til Arabia.

Det finst mange ulike typar dhowar, blant anna ghanja, boom og battil. Båtane kunne ha skrog med flatt akter, eller med ein akterstamn. Eit døme på dhow med akterstamn er boomen, som var svært vanleg i Kuwait.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads