Diakritisk teikn

From Wikipedia, the free encyclopedia

Diakritisk teikn
Remove ads

Diakritikon, diakritiske teikn eller diakritiske symbol er modifikasjonsteikn som blir sett over, under, framfor eller bak ein bokstav i ulike skriftsystem. Dette markerer ein annan uttale for bokstaven enn han ville hatt utan teiknet.[1]

Thumb
Den greske bokstaven alfa med eit raudfarg diakritisk aksentteikn over seg.

Diakritikon i alfabet

Det latinske alfabetet nyttar fleire aksentteikn som endrar lyden av ein bokstav. Døme på desse er tilde og akutt aksent. Slike teikn kan vera diakritikon på eitt språk, men ganske enkelt del av ein bokstav på eit anna. Til dømes blir u og ü sett på som ulike bokstavar i språk som tysk, estisk og ungarsk, medan dei er den same i mange romanske språk.

Diakritikon i andre skriftsystem

Mange austlege skriftsystem bruker diakritiske teikn for å visa kva vokallyd ein skal uttala ein konsonant med. Teikna kan òg brukast for å visa dobbel konsonant, fråvære av vokal, eller framande lydar.

Thumb
Diakritiske teikn brukt i IPA.

Diakritikon i fonetiske alfabet

I fonetisk transkripsjon blir det diakritiske teiknet sett til eit grunnsymbol for å markere lydverdien meir nøyaktig. Nokre fonetiske alfabet baserer seg på eit lite sett grunnsymbol, og eit stort sett diakritika, som til dømes det finsk-ugriske fonetiske alfabetet. Andre, som IPA, har fleire grunnsymbol, og gjev dei diakritiske teikna ein meir marginal plass.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads